

Olaug Karin Hagatun Gestaltterapeut
Samtaleterapi , veiledning og mindfulness.
Utforske
Undre
Vere
Lære
Tilstades
Her og no
Du er deg!
Kven er du?
Kven blir du saman med meg?
Eg er
meg!
Kva er gestaltterapi?
Ordet ”gestalt” er tysk og er oversett med å ”gi form til noko” eller ”korleis noko tar form”.
Gestaltterapi er ei form innanfor psykoterapi, ved hjelp av denne forma kan me lettare sjå og finna ut av korleis me i ulike relasjonar og situasjonar tilpassar oss.
Gestaltterapeuten er opptatt av møte, som skjer her og nå, og legge tolking til side.
Forklaringer kan være med på å fjerne oss frå det som oppstår og ta frå oss potensiale av oppdagelser som ligg i øyeblikket.
Me er opptatt av heile menneske, tanker, kropp og følelser heng saman, og dei bør spele på lag for at du skal kunne ta vare på deg akkurat slik du er.
Kva treng du?
Saman med meg kan du bli meir bevisst på:
-
Ynskjer du forandring i livet ditt.
-
Føler du at du står fast og ikkje klarer å koma vidare.
-
Har du behov for å bli lytta til og bli støtta.
-
Har du utfordringar i foreldrerolla.
-
Er du i relasjonar som hindra deg i å vera deg.
-
Opplever du stress i kvardagen eller jobben din
-
Kva du treng i dine nære relasjoner, lære å sette grenser som er sunne for deg.
-
Lære deg å håndtere stress på ein ivaretakende måte
-
Bli klar over dine indre og ytre verdier, dine styrker.
-
Du kan få støtte til å ta gode valg for det du står i her og nå.
-
Egenkjærleik ved å ta vare på deg sjølv.
-
Å auke nærvær til det som skjer i livet her og nå ved praktisere å mindfulness øvelser.
Priser (inkl. mva.) for terapi eller veiledning:
60 min. kr.888,-
90 min. kr.1111,-
Eg utfører terapi og veiledning online.
Om meg

Eg er utdanna gestaltterapeut fra
Norsk Gestaltinstitutt Høgskole i Oslo.
Eg er utdanna barnehagelærer og har videreutdanning i veiledning og mindfulness.
Er mentor i metoden "Fra sliten til sterk" FSTS, som omfatter utbrenthet.
Men eg er ikkje berre utdanninga mi, eg er også mor, bestemor, kone, datter, søster, venninne, kollega......eg er i ulike roller som bidrar til min eigen vekst og læring.
Som pedagog i barnehage var eg opptatt av relasjoner, for i trygge og tillitsfulle relasjoner er det rom for vekst og utvikling.
Eg ynskjer å møte menneske der det er, små som store, å tillate det som skjer.
ORD TIL ETTERTANKE
